Shetland 2019

Shetland 17. mai 2019

av Kjell Arne Steinsvik

Ei lita oppsummering av 17. mai-feiringa frå ein som var med for første gong:

 

I år bestemte vi oss for å segle over Nordsjøen og feire 17. mai på Shetland. Dette har vore tradisjon for norske seglbåtar i mange år, og denne gongen passa det for oss både med fri og med vêr. Dette vart femte turen vår til Shetland med S/Y Emma, men første gongen på nasjonaldagen. Med på overfarten var Kjell Arne Steinsvik, Kristine Nygård, Christian Holko og Hilde Hatlelid.

 

Etter jobb den 14. mai, kasta vi loss frå Bergen og gjekk vestover frå Marstein fyr. Vêrmeldingane sa det skulle vere eit høgtrykk midt mellom Noreg og Shetland, noko som tyda på svært lite vind på overfarten. Det viste seg å stemme godt. I starten var det litt rotete sjø, men den la seg fort. Om morgonen låg havet flatt, og sola skein frå blå himmel. Det var eit nesten utruleg syn å sjå hav og himmel så roleg. Havsulene og havhestane leika seg i sjøen, medan vi putra roleg mot vest. Sjøen såg nesten kunstig ut, med lange dønningar utan vindgreler på.


Overtfarten frå Bergen til Shetland er på 200 nautiske mil, altså 370 kilometer. Det tek om lag 32 timar med vår marsjfart. Vi kom fram i mørket klokka 02 lokal tid, og klappa til kai på Victoria Pier. Der sto det allereie ein nordmann på brygga. Han hadde akkurat kome heim frå Lounge Bar rett opp i gata, og hjalp oss med fortøyningane. Det låg to andre norske båtar i Lerwick då vi kom fram. Ein av dei var båten «Ark Mari». Skipperen, Arne Sveipe Knudsen, har segla over for å feire 17. mai heile 30 gongar, og det er han som er primus motor for den norsk-shetlandske venskapsfeiringa.

 

Etter ei god natt med søvn, var vi klare for å sjekke inn og ta den tradisjonelle frukosten på New Harbour Café. Ein lokal kafé som gir deg energimessig starthjelp første dagen. Etterpå traska vi rundt i byen og møtte ein del shetlandske kjentfolk. Neste post på programmet var 16. mai-fest i Scalloway, der lokalbefolkninga arrangerer dans for både shetlenderar og nordmenn kvart år. «Come and meet your Norwegian visitors», stod det på plakatane som var klistra opp rundt om i bygda.

 

Klientellet var for det meste godt opp i åra, men det var kjekt å snakke med dei og vise at venskapet mellom Noreg og Shetland framleis er sterkt. Inntrykket vårt er at shetlendarane er svært gjestmilde og set pris på at vi kjem på besøk til dei. Kanskje vi skal gjere det til ein tradisjon å segle over kvar 17. mai. Om ikkje den «yngre garde» tek over stafettpinnen, vil samarbeidet kanskje svinne vekk om ei tid.



Nasjonaldagen starta vi med god frukost om bord i «Emma», inkludert norsk laks og champagnesabling på flytebrygga. På rådhuset er det tradisjon å heise det norske flagget i staden for det shetlandske på flaggstanga 17. mai. Ein hyggjeleg gest. Klokka 10 troppa vi opp på Victoria Pier og gjekk i tog rundt i gatene. Vi hadde dessverre ikkje skarptromme, men vi hoia og blåste i trompetane i staden. Shetlendarane veit kva dette er for noko, men for dei tusenvis av turistane på cruiseskipet som låg i byen den dagen, framsto vi sikkert som nokre galne ultranasjonalistar som ville invadere byen. Etter å ha sunge «Ja vi elsker», tok skipperen ein pause i senga medan resten av bøtteballetten heldt fram med champagnefeiring i cockpit.

Bilder over er fra Lerwick

Klokka 15 var det program i Scalloway, som var base for shetlandsbussen på førtitalet. Dette pregar bygda i stor grad, og dei har både minnesmerke og eiga avdeling om shetlandsbussen på museumet der. Arne Sveipe Knudsen heldt tale om fridom, og etterpå vart det lagt ned blomsterkransar til minne om krigsseglarane. Alle elevane på barneskulen fekk fri for å kome og sjå på minneseremonien. Dei la også ned små steinar som dei hadde måla på. På museumet vart det etterpå duka til kakebord og kaffi, der nordmenn og lokalbefolkning samla seg til prat. Dagen vart avslutta på Lounge Bar i Lerwick.

Bilder fra Scalloway

Dagen etter handla vi på Coop og Tesco, der det alltid er spanande å utforske matvarene. Eit heilt anna utval og ikkje minst prisnivå enn i Noreg. Vidare kom James og Marie, to shetlendarar vi kjenner, på besøk. Så reiste vi på Da Steak Hoose, som er den beste kjøtrestauranten i Lerwick.

Den 19. mai var det på tide å reise heim att. Nok ein gong var det varsla null vind på overfarten, så då vart det motor den vegen også. Utangspunktet var det same som sist: rotete sjø i starten, før alt roa seg. Neste morgon var det heilt magisk ute på havet. Blått hav i alle retningar, og ei nesten olje-liknande overflate på dei slakke dønningane. Vi hadde håpt å få eit godt bilete av Oseberg Sør-plattformen, men akkurat i det vi passerte, køyrde vi rett inn i ein stor tåkebank. Sikta var kanskje 100 meter i alle retningar. Då var vi glade for å ha kartplottar, AIS transceiver og radar. Skodda letta ikkje før på ettermiddagen. Då kom det også litt nordavind, så vi fekk rulla ut genoan og lagt på ein knop på farta heim.

 

Alt i alt var det ein fin tur begge vegar, sjølv om vi måtte ta turen utan autopilot. Den hadde vore på reparasjon i Frankrike, og vart forseinka heim. Det enda med at eg fekk melding om at pakken kunne hentast i Bergen då eg fekk mobildekning att på Shetland. Dermed vart det handstyring heile vegen, noko som ikkje kan anbefalast.

 

Neste år er det 75-årsmarkering i Scalloway, og då håpar vi at fleire norske båtar kan ta turen over og feire saman med shetlendarane.

 

Fleire bilete her: https://www.facebook.com/pg/syemma/photos/?tab=album&album_id=3196729950352545